Sunnfjordingen la både Iphone og festivalpass ut for sal. Det sikra han nær ein halv million kroner. Ingen av dei 175 kjøparane fekk det dei betalte for skriver NRK.
Mannen i 40-åra vart første gong avhøyrd av politiet i går. Her erkjende han straffskuld for det politiet har sikta han for.
Det stadfestar både politiet og mannen sin forsvarar, Ivar Blikra, ovanfor NRK.
– Etter eit omfattande avhøyr i går, har den sikta erkjent straffskuld etter siktinga som er teken ut, seier Blikra.
Nær ferdig etterforska
Etter det NRK kjenner til skal mannen ha lagt ut både Iphone og festivalpass for sal på Finn.no og Facebook.
175 personar frå heile landet gjorde avtale om kjøp, men fekk ikkje det dei betalte for.