17 C
Alicante
30.4 C
Málaga
21.9 C
Las Palmas de Gran Canaria

Sykehjemsprosjektet i Altea: Straff for å omtale ”vennskapskorrupsjon”?

Av Erling Folkvord, på trykk i Kommunal Rapport 02/2010.

Av Erling Folkvord, på trykk i Kommunal Rapport 02/2010.

Byrådet i hovudstaden prøver no å berge byråd Sylvi Listhaug (Frp) unna ansvaret i den såkalla Altea-saka. Byrådet har hittil brukt 25 millionar på dette sjukeheimsprosjektet i Spania. For dette har Oslo fått 11 mål tomt der kyndige folk kanskje kan dyrke appelsiner.

Før jul kom granskingsrapporten frå PwC. Rapporten har begrensa verdi fordi byrådet ba granskarane ha «hovedfokus på Omsorgsbygg». Byrådane sitt ansvar skulle ikkje granskast.

PwC fann likevel litt. Og byråd Bård Folke Fredriksen (H) trugar med «bøter eller fengsel inntil seks måneder» for bystyremedlemmar som lar andre vite om visse PwC-funn som er ubehagelege for byrådet sine spanske vener.

Sylvi Listhaug har vori byråd for eldre og sosiale tenester sia januar 2006. Før den tid var ho byråd Margaret Eckbo sin politiske sekretær. Dei to hadde hadde frå første dag eit tett, men formlaust samarbeid med politikarar i høgrepartiet Partido Popular (PP). Eit PP-byråd styrte Altea fram til juni 2007. PP har delstatsregjeringa i Valencia.

For å forstå kva hemmelegstemplinga handlar om, må vi tilbake til starten. Byråd Listhaug sa sommaren 2006 til Aftenposten:
«Min langsiktige visjon for innbyggerne i Oslo, er at alle skal kunne velge seg sykehjemsplass i Spania. (…) – Tilbudet kan være noe positivt for pleiepersonell ansatt i helse- og omsorgssektoren i kommunen. De kan få et avbrekk i sitt daglige arbeid og komme ned til sol og varme.» (Aftenposten 17.08.2006)

Oslo-skandalen i Altea starta året før. Frå eit dødsbo kjøpte Oslo da ei veglaus landbrukstomt oppe på Montemolar, ein åsrygg utafor byen. Oslo betalte i tillegg eit irregulært «honorar» på 1,1 millionar kroner til to advokatar i Madrid. Dei hadde tatt på seg å «ordne» salet for den eldste i seljargruppa. Madrid-advokatane kravde at dei andre seljarane ikkje skulle få vite om ekstrahonoraret. Oslo sa ja og betalte utan å ha mottatt rekning. Da dei faktura-liknande dokumenta kom, tre og eit halvt år etterpå og i to ulike versjonar, hadde advokatane «gløymt» momsen. Rødt har rapportert dette til Skattekontoret i Benidorm.

Omsorgsbygg-direktøren styrte prosjektet på oppdrag frå byrådet. Han godtok alt dette etter tilretteleggjing frå Per Svensson, ein bissniss-mann i Altea som direktøren kjende frå før.

Så tidleg som i 2002 skreiv avisa El mercantil Valenciano detaljert om at Per Svensson og stiftinga FIPE var på kant med den offentlege revisjonen (Syndic de Comptes) i Valencia-regionen. Revisjonen fann «grove uregelmessigheter». Fram til da hadde Svensson og FIPE mottatt 420.708 euro frå delstatsregjeringa i Valencia. PP-byrådet i Altea betalte dessutan husleiga for FIPE i Altea.

Per Svensson la godt til rette for tett samarbeid mellom H/Frp-byrådet i Oslo og PP-byrådet i Altea. Til no har ikkje byråd Listhaug lagt fram eitt einaste referat eller notat frå alle desse møta!

Sjølv om berre litt er avdekka til no, gir PwC oss glimt av det vi kan kalle «venskapskorrupsjon». Byrådet har sladda og hemmelegstempla akkurat dei orda og setningane som avdekker dette.
For det første gjeld det venskapsrelasjonen mellom den eine tomteseljaren og Madrid-advokaten ho gjekk til i juni 2005 for å få «ordna» tomtesalet.

For det andre gjeld det namna på dei to advokatane som kravde eit irregulært «honorar» på 1,1 millionar kroner for å «ordne» tomtekjøpet og dessutan kravde at Oslo kommune skulle halde dette hemmeleg overfor dei andre seljarane.

For det tredje at den eine av desse advokatane engasjerte ein personleg kjenning til å vere offisiell eigedomsmeklar i saka.
For det fjerde gjeld det ei opplysning frå ein av byråd Listhaug sine rådgivarar. Han fortalde PwC at han tidleg oppfatta den handplukka norske tilretteleggjaren i Spania som ein upåliteleg person.

Det er enno for tidleg å fastslå kor grove feil byråd Listhaug og andre byrådar har gjort. Fleire fakta må fram i lyset. Rødt meiner skattytarane som betaler rekninga, har krav på å vite alt om dette.
Eit lite eksempel illustrerer kor lett det er å gløyme:
Daverande ordførar Per Ditlev-Simonsen sto øvst på gjestelista da byråd Listhaug sendte ut «invitasjon til deltakelse i grunnstensnedleggelse på Montemolar i Altea 21. september 2006».

Men byråden hadde glømt detaljane da ho i bystyret 19 månader seinare svarte på spørsmål frå Nina Bachke (Ap):
«Jeg husker i hvert fall ikke at jeg la ned noen grunnstein, og jeg tror ikke noen andre som var til stede heller la merke til den grunnsteinen.»

PwC-rapporten tyder på at såkalla «venskapskorrupsjon» er ein del av byråd Listhaugs Spania-prosjekt. Byrådet bør forklare korfor dei trugar med inntil seks års fengsel for dei som sørgar for at befolkninga får vite om dette.

Relaterte saker

- Advertisement -